Sider

HAREID I BOTNSTRID

Hareid enda i fjord i eit vakum på tabellen med ein 5. plass, med god klaring til både topp- og botnstrid.

Hareid har den rutinerte ringreven Hans Gisle Holstad som trenar også i år.  I tillegg har dei "poteta" Einar Orten Trovåg som dreg i utrulig mange trådar i hareidfotballen og gjer en flott jobb for klubben.
Hareid har dei siste åra satsa på eigenutvikling av spelarar, og har langt på veg lykkast med det.
Dei avgir kvart år spelarar til andre klubbar og også toppfotballen (les Hødd) får nyte godt av Hareid sitt gode ungdomsarbeid.

At vi i år tippar Hareid so pass lavt som på ein 8. plass skuldast at dei midt i sesongen i fjor mista sin motor i laget, Kim-Tore Husøy, til oslofotballen samt at Ørjan Engen Grimstad (ex Hødd) har flytta til Trondheim.  I tillegg har 8 spelarar til forlete klubben av ymse årsaker.
Hareid erstattar desse med folk frå eigne rekker samt ei nysignering frå Hasundgot og ein tilbakekomst frå Hødd. 
Vi trur at den politikken Hareid har lagt seg på når det gjeld rekruttering på litt sikt vil føre til at klubben passerer si rake motsetning ute i havgapet (og då meiner vi ikkje Hødd!), der språkkurs er ein av dei viktigaste aktivitetane og pengar er smurninga.

Vi trur på eit mellomår for Hareid i komande sesong men at laget vil holde bra klaring til nedrykksplass.  Hareid endar på 8. plass å tabellen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar